Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det ny asfalt frå Todalskrysset

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. juni 2026

I dag er Veidekke igang med asfaltlegging frå Todalskrysset i retning Todalen.  Det skal leggast ny asfalt frå Todalskrysset til Åsbøen, ei strekning på knappe 3 kilometer. 

Asfaltlegging på Todalsvegen mellom Todalskrysset og Åsbøen i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Trafikkantar på strekninga må rekne med nokre minutt ekstra i samband med asfaltlegginga, så dersom du skal nå ferja, eller du har tannlegetime så lønner det seg å ha nokre minutt å gå på.  Det er nemleg manuell dirigering av trafikken, og det kjøres ledebil for å lede trafikken til rett kjøremønster. 

Det trengs mykje utstyr for å legge nokre kilometer med asfalt. Foto Jon Olav Ørsal

Det skal legges ny asfalt på strekninga ned mot Kvanne, så vi reknar med at asfaltlaget fortsett der når dei er ferdige med legginga på Todalsvegen. Der er det ei strekning på knappe 2 kilomeeter som skal få ny asfalt. I tillegg skal det legges ny asfalt på eit par strekningar i Surnadal.  

Publisert: 4. juni 2026, 09:55