Femte juledag hentar Todalen sokneråd fram att konseptet med juletrefest igjen. Borghild Talgø, som er leiar i Todalen sokneråd, er glad for at det no blir god, gammeldags juletre fest igjen. Det skjer i Todalen ungdomshus på 5. juledag – frå 15:00 til 17:00. Da inviteres både store og småe til å bli med på allsong med julesongar, gang rundt juletreet og triveleg kaffelag.
Juletrefesta har lange tradisjonar i Todalen – det var fast aktivitet i skulen på 2. juledag, og her møttes både store og små til triveleg julefeiring i lag – med nettopp julesonger, gang rundt juletreet og sjølvsagt triveleg kaffelag med mykje godt til kaffe’n. Det er også avklart at julenissen kjem ein tur innom juletrefesta.

Øystein Moe er kappelmester – her i gan med å plukke ut repertoaret til allsong og juletregong. Foto Jon Olav Ørsal
I gamle dager var det faktisk 2 juletrefestar – ei juletrefest i skulen på 2. juledag – og med skulen som arrangør. Og så var det juletrefesta for dei alle minste – «springarfesta» som vart arrangert på 5. juledag og med Todalen idrettslag som arrangør.
Det er nok mange som har gode minne både frå 2.-dagsfesta og frå springarfesta på 5. juledag, så derfor slår vi sammen og lager ei juletrefest for alle sammen no, seier Borghild Talgø, som gler seg til juletrefesta og håpar på fullt hus i ungdomshuset.

