Søndag ettermiddag vart det skikkeleg napp for Peter Overvåg på Todalshytta – i sone 2 landa han ein flott laks på heile 7,8 kg (korrigert) . Det var søndag fin vassføring i Toåa for flugefiske – 16 m3/sek i Storfossen. Da nærma vi oss tilhøve for gammeldags «markelv», men lang i frå flaum. I løpet av søndagen vart det meldt inn tilsaman 5 fiskar – 2 laksar og 3 sjøaure.
Tilsaman er det no meld inn 10 fiskar etter at Toåa vart opna for fluefiske igjen frå laurdag kl 00:00. Det er søndag meldt inn 2 laksar – ein på 1,5 kg i Tømmermelhølen og ein på 7,8 kg i Båthølen. Vidare er det meldt inn 3 sjøaurar – ein på 1,5 kg i Hagan, ein på 3,8 kg i Raurdåhølen og ein på 5,9 kg i Tømmermelhølen. I skrivande stund kl 07:00 er vassføringa ved NVEs målestasjon ved Storfossen målt til 18,7 m3/sek kl 06:00 måndag morgon

