Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NM-sølv til Ola Vikan

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. september 2026

Laurdag køyrde Ola Vikan (14) tredje og siste runde i årets NM i motocross på Starmoen Motorsenter ved Elverum. Her køyrde Ola inn til ein fin andreplass og sølvmedalje, bak Ivar Emilsen. Ola deltek i klassen MX 85 13 – 15 år, og han køyrer for Surnadal Motosportklubb. 

Klar til start. Foto: Privat

Laurdagens runde var den tredje og siste runden i årets Norgesmeisterskap i motocross. Ola har frå første runde vist at han hevdar seg i norgestoppen, og har heile tida vore nummer to, bak Ivar Emilsen som til slutt vart Norgesmeister. 

Førebuing til start. Foto: Privat

– Emilsen er en veldig god kjører som også deltar internasjonalt, så han var det ikke så mye å gjøre med resultatmessig, men vi er kjempefornøyde med sølv i NM, det viser at Ola hevder seg godt i norgestoppen, seier far Petter Vikan. 

Både syklar og karar treng ein vask etter løpet. Foto: Privat

Ola har tidlegare i år vorte Norgesmeister i speedcross, vunne Østlandscupen og Midt-Norsk mesterskap i motocross samanlagt.  

Ola på sigerspallen. Foto: Privat

– Det har vært en veldig god sesong for Ola, og nå gjenstår bare siste runde av Midt-Norsk mesterskap på Aukra, før sesongen er avslutta. Sidan Ola allerede er vinnar av Midt-Norsk mesterskap, så kan det hende han velger å kjøre i 125 kubikkcentimeterklassen på Aukra, avsluttar ein godt nøgd far. 

Førebuingar. Foto: Privat

Vi gratulerer Ola med NM sølvet! Vi kjem att med reportasje frå siste runde i Midt-Norsk mesterskap på Aukra i siste halvdel av september. 

Ola med medalje og andre premiar. Foto: Privat

Instruksjonar før start. Foto: Privat

Djupt konsentrert. Foto: Privat

 

Publisert: 6. september 2026, 14:35