Da vi stakk innom Sanitetshuset på Kvennset var det fullt arbeid med å lage bukettar med fastelavnsris av bjørkeris, og fastelavnkransar av lerketre. Vi passa på å kome i kaffepausen, og vart sjølvsagt med på trakteringa. Men snart var dei 8 damen i full gang med å sortere og lage bukettar med fargerike fjør – tilsaman rundt 50 i talet. Bukettane og kransane skal selgast for kr 150, medan store fjør kostar kr 25 og blir montert på sanitetstreet utafor buikken.
Fredag og laurdag troppar dei opp på Matkroken Todalen for å by fram sine fargerike bukettar og kransar. Sågar skal dei levere bukettar for sal i Stangvik, der dei blir bydd fram i dei gamle butikklokala i Bondehuset.

Golvet fullt av bjørkaris som Solveig og sambuar Bjørn har samla i skogen. Ola Bruset er fast leverandør av lerkekvistar til kransane. Frå ventre Helen Molde Saksen, Solveig Glærum, Synnøve Hole Talgø og Marit Sanden Søyset. Foto Jon Olav Ørsal
På butikken i Todalen vil det være folk tilstades det meste av dei to dagane for å hjelpe til med salet, men det går også an å kjøpe på sjølvbetjening og betale med Vipps.



