Telias basestasjon i Todalen er ute av drift. Basen datt ut søndag kveld i 18-tida, og sia har det vore berre tilfeldig kontakt gjennom andre basestasjonar i nærleiken. På Telias nettsider blir vi informert om at det arbeides med saken og estimert tidspunkt for feilretting er sett til ca kl 19 måndag kveld. Tysdags morgon er basen i Todalen framleis ute av drift, og det er ingen signal derifrå.
Talgø si IT-avdeling har imidlertid fått informasjon om arbeid på basestasjonen som skal skje frå onsdag 4. mars kl 09:00 til torsdag 4. mars kl 18:00. I denne meldinga står det:
«Grunnet planlagt arbeid på mobilsender som dekker din bedrifts lokasjon Todalen, kan det oppleves tregheter eller utilgjengelighet på tjenester i perioden 2026-03-04 09:00 – 2026-03-05 18:00. Vi beklager eventuelle ulemper dette kan medføre».
Derfor trur vi at det blir torsdag kveld før ein kan rekne med full drift på basestasjonen til Telia i Todalen. I mellomtida går det an å ringe ved hjelp av Wifi – det vil seie at samtalen går via bredbånd, som er ei teneste som er avhengig av breibandsteneste.

