Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Natt til måndag startar laksefisket

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2026

Måndag startar ny sesong for laksefiske i Toåa – i år som i fjor går laksefisket frå 1. juni til 31. august, medan sesongen for sjøaurefisket går frå 15. juni til 31. juli – altså berre halve tida.  Det er strenge reglar for fiske i Toåa, med eit total fangstkvote på 30 avliva laks for sesongen. – Det er knytt stor spenning til innsiget av laks, fortel Andreas Brøndbo som er leiar i Todalen elveeigarlag.

Påtroppende og avtroppende – Dei konkluderer at det er lagt godt tilrette for laksefisket i Toåa som starter natt til måndag. Foto Jon Olav Ørsal

Brøndbo fortel at det er skjerpa reglar for laks- og ørretfiske. Dette er for å sikre nok gytefisk, og alternativer er slett ikkje betre, for det kan være stengt elv i fleire år. – Det ville vært katastrofe for Toåa, og sette arbeidet med forvaltning av laksefisket langt tilbake.  Med sterk regulering av fisket har vi god kontroll på beskatninga, samtidig som vi ivaretek laksefiskarane og det gode fiskarmiljøet i elva.  – Og fiskarane skal jammen ha ros for at dei innrettar seg etter reglane som er utarbeidd i samarbeid mellom elveeigarlaget,  Statsforvaltaren og direktoratet for naturforvaltning.  Klikk på linken her og last ned oppdaterte fiskereglar for Toåa. Her finn du komplett regelverk både for laks- og sjøaurefiske. 

I Båthølen er det lagt godt tilrette for alle, med universiell fiskarrampe for bevegelseshemma. Foto Jon Olav Ørsal

Informasjon om regulering av fisket og kjøp av fiskekort finn du på Elveguiden.no, der du finn oppdatert informasjon om fisket i Toåa og kva reglar som gjeld til ei kvar tid. Her finn du og laksebørsen som viser om det er nokon som har fått laks på kroken. 

Raudåhølen er nærast heimebane for Adreas som bur på Brubakkan. Foto Jon Olav Ørsal

Vi på Todalen.no vil sette stor pris på at vi kan få «henge oss på» og få bilde og info om det som skjer i elva i samband med laksefisket. Send oss gjerne ein e-post eller litt info på SMS

Det er bygd fleire gapahukar langs Toåa – her er gapahuken i Gunnøya. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. mai 2026, 16:00