Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nasjonal portal for digital sikkerheit

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. januar 2026
For eit lita stund sia, lanserte norske myndigheiter portalen sikkert.no. Bakgrunnen for opprettinga av portalen, er å gjere det enklare å forbetre digital sikkerheit i praksis. Digital sikkerheit er eit dagleg felles ansvar som gjeld både for innbyggarar, bedrifter og offentleg forvaltning i Norge. Drifta av sikkert.no er det norske myndigheier som er ansvarleg for, og er eit samarbeid mellom Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), Politiet, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet. 

Dersom ein har vore ramma av ei uønska digital hending, kan ein finne råd og hjelp via sikkert.no.Døme på uønska digitale hendingar kan vere: 

  • Seksuell utpressing på internett
  • ID-tjuveri
  • Cyberkriminalitet
  • Kontokapring
  • Digitale avtrykk

Alle blir oppmoda om å dele informasjon om sikkert.no på arbeid, heime og mellom vener og kjente!

Først publisert: 28. januar 2026, 07:00 - Sist oppdatert: 27. januar 2026, 19:13