Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje vatn, men ikkje flaum

Jon Olav Ørsal Måndag 21. september 2026

På bildet frå Snekkarhølen og Storfossen er det mykje vatn i omløp.  NVEs automatiske målar som står oppå Storfossen viste 38,25 m3/sek da bildet vart teke kl 15:00. Det har regna bra i natt og utover føremiddagen, slik at vassføringa var enno stigande kl 15 i dag.  

Men sjølv om det er mykje vatn så er det på langt nær nok til å kunne kalles for middelflaum, for da må du plusse på til mesta det dobbelte  65,8m3/sek.  Normtala som NVE opererer med er basert på statistikk for vassføringa i perioden 1974 til 2025.   I deira definisjon er 5-årsflaum 78,49 m3/sek, medan 50-årsflaum er heile 131,52 me/sek. 

Arkivbilete frå 2016 – foto Jon Olav Ørsal

No er det meldt lettare vêr, og vassføringing vil nok etter kvart starte på «nedturen» til meir normalt nivå.

Publisert: 21. september 2026, 15:34