Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje is i vegbanen, køyr forsiktig

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. februar 2026

På fylkesveg 6145, rett under Hammaren og rett før siste bakken ned til Todalsøra, har det i snart fjorten dagar vore mykje is i vegbanen. Veidekke er varsla, men så langt er ikkje isen fjerna, og det er heller ikkje sett opp noko form for varsling. 

Manglande varsling gjer at isen kjem brått på den som ikkje veit om dette frå før, og dette kan i verste fall føre til store skadar på køyrety!

Vi oppfordrar difor Veidekke til å ta seg ein tur, om ikkje anna for å sette opp varsling, slik at ein unngår skadar som følge av isen i vegbanen! 

Publisert: 12. februar 2026, 14:23