Onsdag kveld var det årsmøte i Surnadal Arbeiderpartiet på møterommet bak kantina på Surnadal sjukeheim. knapt tjue medlemmer møtte fram for å delta på årsmøtet, noko leiar Bente Mosbakk sa seg godt nøgd med.
Hoem gjest under årsmøtet
Fylkestingsrepresentant Line Hatmosø Hoem var gjest under årsmøtet og innleia årsmøtet. Ho var glad for at ho vart invitert og tykte det var spesielt artig etter ein valsiger. – Jeg er alltid glad for å bli invitert til Surnadal, og sier nesten alltid ja til å komme hit, sa Hoem.
Ho hadde tidlegare på dagen besøkt Surnadal vidaregåande skule og rektor Hilde Andersen. – Eg er imponert over skulen og kva rektor Andersen og dei andre på skulen har fått til, sa Hoem.
Hoem fortalte litt om arbeidet i fylkestinget og dei sakene ho og Arbeiderpartiet kjempa for, der samferdsel og vidaregåande utdanning er dei viktigaste sakene.
Etter Hoem sitt innlegg var det høve til å stille spørsmål og kome med synspunkt. Hoem fekk med seg fleire konkrete saker å arbeide vidare med i fylkestinget, der ei av sakene var å arbeide for realisering av Todalsfjordprosjektet.

Line Hatmosø Hoem (t.v.) fekk blomster, som takk for besøket, av leiar i Surnadal Arbeiderparti, Bente Mosbakk. Foto: B G Ansnes
Årsmelding og rekneskap
Årsmeldinga viste at det i 2025 har vore ganske stor aktivitet, der valkampen tok ein del av tida. Surnadal hadde i 2025 90 medlemmar, noko som er ein liten nedgang frå året før. Jorid Årvåg, gruppeleiar for Arbeiderpartiet i kommunestyret las årsmeldinga for kommunestyregruppa. Rekneskapen viste eit lite underskot, noko som skuldast utgifter til valkampen. Både årsmeldingar og rekneskap vart samrøystes vedtekne.
Mosbakk og Nyheim held fram som leiar og nestleiar
Valkomiteen hadde gjort eit grundig arbeid i forkant av møtet, men dei hadde ikkje klart å finne leiar og nestleiar til styret. Etter litt kaffedrikking, konstruktive overtaling og tankeverksemd, tok Bente Mosbakk på att som leiar for eitt år, medan Lilly Gunn Nyheim tok på att for eitt år som nestleiar, ei løysing årsmøtet var veldig nøgd med.
Dei får med seg Annett Ranes som sekretær, Eva Jorid Svendsen som kasserar, Hilde Kvande Nyheim som kvinnepolitisk kontakt, Egil Nedal, Ole Dalsegg, Marius Monsøy og Axel Olav Otnes i styret.
Varamedlemmer til styret vart Ken Marius Pedersen, Aud Janne Bævre, Odd Asbjørn Bævre og Jorid Årvåg.
Valkomiteen lova å arbeide hardt for å finne ny leiar og nestleiarkanditatar til neste års årsmøte.
Under årsmøtet var både servering av kaffe med kake og loddsal.

