Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobilnettet til Telia er ute av drift i Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. april 2026

Mobilnettet til Telia falt ut torsdag morgon og er enno ute i skrivande stund kl 10:50, og i displayet står det «Ingen tjeneste» som indikerer at mobilnettet er ute.  Vi har ikke fått info om kva som er skjedd eller når feilen kan bli retta. 

Det er like vel mogleg å ringe eller ta i mot samtalar når du har breibandstilgang og kobler telefonen over på wifi.  

Telia bekrefter at det er teknisk feil på sendaren, og at det er teknikar på veg. De regner med at feilen blir rettet i løpet av kvelden/natten. 

Enda laurdag kveld er basestasjonen på Halset ute av drift, og det er ikkje skjedd noko på tanke med reparasjon av feil i basestasjonen.  Av erfaring frå tidlegare utfall så vil det sikkert ikkje skje noko før over helga.  

Først publisert: 30. april 2026, 10:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2026, 19:58