Styret i Stangvik Historielag minner sine medlemmer om årsmøtet sitt i Myrvang forsmalingshus torsdag 12. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Hallvard Kvande vil halde ei orientering om status for prosjektet med namneregistrering.
Torbjørn Brøske kjem og fortel korleis det var å vekse opp i Stangvik på 50- talet, og korleis det var å kome seg vidare i skolesystemet
Stangvik Historielag ønsker alle sine medlemmer velkomne på årsmøtet!

