Laurdag 20. juni skal midtsommaren markerast skikkeleg på Syltøran hos Byggmakker og Hageland. Da kjem på femtital med utstillarar til å markere seg både innendørs og utandørs i tidsrommet mellom kl 10:00 og 16:00. Utstillarar kjem frå heile Midt-Noreg – frå Molde i sørvest og fleire frå Oppdal/Orkangerregion.
Det blir nok mange gamle tråvarar, men også fleire nye – det blir nok mykje sommarmat av forskjellig slag, men også mykje anna rart som blir bydd fram. Kan nemne HammerStuene som nok vil markere seg og Bjørn Kvendset frå Todalen vil stille med egg, honning og har også utvidet med flatbrød denne gongen. – Det blir mykje gode tilbud frå både Hageland og Byggmakker, og Anita Talgø fortel at utvalet i sommarblomster har aldri vore større enn det er no.
Det store spenningsmomentet er nok vêret – plana er å bruke mykje av uteplassen til salsområde – men dersom vêrgudane slår seg vrang må no mange flytte innendørs. -Vi reknar med at det kjem eit par tusen for å bli med på Midtsommarmarknad, og da blir det folkåt her, seier Nina Monsøy som er koordinator for prosjektet. Sjølvsagt blir det gratis kaffe med noko attår i kafeteriaen på Hageland.





