Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medlemsmøte og kløvertur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. august 2026

Todalen sanitetsforening er i gang med haustsesongen 2026.

Onsdag 19. august var det medlemsmøte med godt oppmøte. Kasserar Ragnhild Ansnes Moe orienterte om den økonomiske statusen som ho karakteriserte som grei. Det har vore bygd nye carportar, og det er installert elbil-ladar.

Vertinnene Jorunn Gislaug og Liv Svanhild. Dei hadde mykje godt å by på! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Eit ope møte med tema «Eldre kvinners helse og medisinforbruk» er under planlegging. Foreininga har fått tildelt 5000 kroner frå NKS sentralt til omsorgsberedskap. Her kan det vere aktuelt med innkjøp av strømaggregat til Sanitetshuset.

I løpet av hausten skal det markerast at Todalen Sanitetsforening har 110-årsjubileum og at NKS vart stifta for 130 år sidan.

Medlemsmøte. Frå høgre: Steffi Bohle, Solveig Glærum, Liv Søyseth, Jorunn Gislaug Ørsal og Marit Sanden Søyset (til venstre). Foto: Dordi Jorunn Halle.

Medlemsmøte i Saniteten. Rundt bordet: Ingrid Pedersen, Jorunn Husby, Ragnhild Ansnes Moe, Helen Molde Saksen og Kari Kvendset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kløvertur

Måndag 24. august var det start for ny kløvertursesong. Fint ver og triveleg tur i Toåa tursti. Turen vart avslutta kaffepause i Kaffekroken på Bua.

Kløvertur i Toåa tursti. Godt ver! Foto: Marit Sanden Søyset.

Takk

Todalen sanitetsforening takkar for minnegåva etter Åse Johanne Ville Redalen. Åse vart medlem i foreninga i 1992, og ho var styremedlem ei årrekke, leiar i fleire år og var aktivt med på alle arrangement i foreininga. Takk, Åse!

 

Først publisert: 26. august 2026, 12:26 - Sist oppdatert: 27. august 2026, 12:31