Pensjonistforbundet Surnadal hadde onsdag 19. november medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Temaet denne gongen var eldre og rus.
Livskvalitet har vore stikkordet for innhaldet på medlemsmøta denne hausten.
– Siste del av dette temaet vart onsdag avslutta med kåseri av Trond Ivar Hansen frå Sarpsborg. Han heldt eit svært interessant og informativt foredrag om «medikamenter, alkohol og bivirkninger», fortel Anne-Sissel U. Mogstad i Pensjonistforbundet Surnadal til Todalen.no.



