Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medlemskontingenten i idrettslaget for 2026 sendt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. mars 2026

Todalen Idrettslag sender akkurat no ut faktura for medlemskontingenten i idrettslaget for 2026, og mange har nok allereie tått fakturaen på e-post og for godkjenning i nettbanken. Fakturaen kjem frå Buypass AS og har forfallsdato den 24. mars. Det kan også vere lurt å sjekke søppelposten på e-posten sin dei komande dagane, i tilfelle fakturaen har hamna der. Idrettslaget oppfordrar dei som ikkje er medlem, men som ønsker å bli det, om å melde seg inn så raskt som mogleg. Dersom ein ønsker å melde seg inn, tek ein kontakt med Endre Talgø på telefon 926 89 326 eller e-post endre.talgo@outlook.com, så hjelper han til med registreringa.

Medlemkontingenten er ei viktig inntektskjelde for idrettslaget

Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for å drifte idrettslaget sine aktivitetar og anlegg. I tillegg til inntekta frå sjølve medlemskontingenten, som for 2026 er på kroner 200,-, så er medlemstalet avgjerande for kor mykje idrettslaget får i tilskott frå Norges Idrettsforbund og kommunen.

Kaffekrikens venner trenar på Hett & Svett. Foto: B G Ansnes

Ein får mykje for kontingenten

Ved å vere medlem i idrettslaget får ein bruke alle idrettslaget sine anlegg heilt gratis. Dette gjeld også Hett & Svett. Vil ein ha nøkkelkort eller tilgang via app her, må ein vere betalande medlem i idrettslaget. For å få tilgang på Hett & Svett tek ein kontakt med Ola Talgø.   

Oppdatert kontaktinformasjon og samlefaktura

Idrettslaget oppfordrar alle som er medlemmer om å logge seg på minidrett.no og oppdatere opplysningane som ligg inne på kvar enkelt, og da spesielt e-postadressa! Dersom nokon ønsker å få samlefaktura for fleire medlemmar som til dømes ein heil familie, så tek ein kontakt med Endre, så fikar han det!       

Idrettslaget håper folk går inn og oppdaterer kontaktinformasjonen sin, slik at dei har rett kontaktinformasjon! 

Publisert: 11. mars 2026, 07:00