Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med regnet kom laksefisket så smått igang

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juli 2026

Den første laksen lot vente på seg, men etter kvart er laksefisket kome igang i Toåa.  I skrivande stund er det teke 12 fiskar – 10 laks og 2 sjøaure.  Alle så nær som ein er sett ut igjen, og får ein ny sjanse til å være med og spre sine gener i Toåa.   Egentleg er det regnet dei siste dagane som har sett litt fart på fisket, sjølv om det ikkje var så store mengder.

Over 10 m3/sek nedafor Storfossen på onsdag i 15-tida. Foto Jon Olav Ørsa

Den siste veka har det kome 16-17 mm nedbør, og sjølv om det ikkje er all verden så var det nok til at laksen trekte opp i elva og ga større sjanse for laksefiskarane.  Etterkvar ga dette resultat, og som sagt er det no teke 10 laks og 2 sjøaure.  Snittvekta er på 2,6 kg, og samla viser vekta 30,9 kg.  Denne veka er det teke 6 fiskar – den største laksen var på 4,6 kg og vart teken ved Øvre Teindammen.  Det var ein holaks som sjølvsagt vart sett ut igjen.  

Set er no fin vassføring i Toåa, og i skrivande stund (kl 15:00) er vassføringa ved Storfossen 10,3 m3/sek og er fin vassføring for fluefiske.  Vasstemperaturen er på same tid 10,2 grader. 

Publisert: 8. juli 2026, 15:29