Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matnyttig kurs i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. februar 2026

Kurset starta med teori inne i kaffeteriaen på arboretet. Foto Jon Olav Ørsal

Laurdag arrangerte Svinviks arboret eit halvdags kurs i kvisting og stell av frukttre i private hagar. Kursleiar var Patrick Nilsen, som har vor fagansvarleg for alt som veks i arboretet – den jobben har han hatt sia nyttår i fjor.

Godt utstyr er halve arbeidet. Patrick viste fra aktuelt utstyr for klipping av frukttre. Foto Jon Olav Ørsal

Kurset starta med ei innføring i arbeidet med klipping av frukttre og  litt om bakgrunnen for at vi klipper og steller frukttrea. Så kurset starta med litt teori i arboretets kafeteria – og fortsette i frukthagen med fleire hundre frukttre, der vi fekk praktisere lærdommen etterpå.

Det er sjølvsagt fleire årsaker til at vi ønskjer å klippe frukttrea. Vi vil justere størrelse på trea, sørge for sunnheit og helse, overleving over tid – og ikkje minst for å få god avling. Vi fekk lære at frukttre kan klippast på mange måtar, og at det er mange hensyn å ta.  – Det er forskjell på nye og gamle tre, og det kan være behov for å tynne ut for å sleppe til lys, eller å tilpasse trea etter tilgjengeleg plass – og mange andre årsaker.

her vurderes eit gammelt tre – frå venstre Patrik Nilsen, Harald Myrås, Aage Arnold Haugan og Thomas Rinnan. Foto Jon Olav Ørsal

Når vi kom ut i hagen fekk vi sjå kor stor forskjell det var frå tre til tre, og kursdeltakarane fekk prøve seg med vurdering av frukttrea og etterpå fekk vi ein gjennomgang i lag med Patrick. Han demonstrerte og forklarte bruken av forskjellig utstyr som kan være gode hjelpemiddel når du arbeider med klipping av frukttre.  

Sjur Skuggevik og Johan Todalshaug Hals vurderer eit ungtre i frukthagen. Foto Jon Olav Ørsal

Vi fekk også litt innsyn i forskjellige sjukdomar som kan angripe frukttrær, og kor viktig det er å desinfisere utstyr før du tek med deg reiskap frå plass til plass – det er nemleg lett å ta med seg smitte som kan vise seg vanskeleg å bli kvitt.

Konkluderte til slutt med at klipping av frukttre kan skje på mange måtar, men ein kjem langt med å bruke sunn fornuft – og dersom du gjer klippinga i småskala, så går det an å rette opp att «fadesar» når det veks ut att igjen.

 

Det vart iallfall ein lærerik dag i triveleg selskap og vi var heldige som kunne ause av museumgartnarens store kunnskap og evne til formidling.

Patrick Nilsen som er musemsgartnar ved Svinviks arboret, var kursleiar. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. februar 2026, 18:36