Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månen i Bjøråskaret kåra til månadens bilete for mai

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Siv Halle vann røystinga med det stemningsfulle fotoet Månen i Bjøråskaret og er dermed vinnaren av månadens bilete for mai 2026. Vi gratulerer så mykje!

Dermed kan vi endeleg setje punktum for den kanskje mest forseinka månadens-bilete-kåringa i moderne todalshistorie. Mai er ikkje lenger gløymd, saka kan avsluttast, og etterforskarane i den interne granskinga av rutinesvikten får truleg ta seg ein velfortent kaffikopp.

Takk til alle som sender inn bilete og deltek i røystingane! Kåringa av månadens bilete for juni er rett rundt Kammen.

Publisert: 15. juli 2026, 08:40