Viktig når ein søker
Søknadene blir saksbehandla i den rekkefølga dei kjem inn. Det er viktig å gje alle naudsynte opplysningar i søknaden, og ein må beskrive det transportbehovet ein har godt. Mangelfull søknad fører til lengre saksbehandlingstid.
Det er viktig å lese informasjonen om motorferdsel før ein søker, sjølv om ein har hatt løyve til snøskuterkøyring til den same hytta tidlegare.
Kor mange turar kan ein få?
Retningslinene for Surnadal kommune seier at det skal gjevast uavgrensa tal på turar for bagasjetransport til hytte, og at det kan gjevast uavgrensa tal på turar ved transport av personar med funksjonsnedsetting.
Dette er ikkje i samsvar med dei nasjonale retningslinene i Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, som seier at talet på turar som hovudregel skal avgrensast. Surnadal kommunen må difor legge det nasjonale regelverket til grunn ved løyvebehandlinga, sjølv om dei kommunale retningslinene seier noko anna.
Difor vurderer kommunen transportbehovet i kvar enkelt søknad før ein avgjer kor mange turar det kan gjevast snøskuterløyve til, eller om det kan givast uavgrensa tal på turar.
Har ein fått løyve med eit avgrensa tal på turar, må ein føre turane i køyrebeviset. Dette gjer det mogleg for politiet og Statens naturoppsyn (SNO) å kontrollere at vilkåra for løyvet blir følgde.
Leigekøyring er eit alternativ
I dei fleste delane av Surnadal kommune finst det leigekøyrarar som kan transportere bagasje og personar til hytter. Ein kan bruke denne ordninga sjølv om ein ikkje har eige løyve, eller har brukt opp turane i løyvet sitt.
Ny søknad for leigekøyringsløyve
Tidlegare leigekøyringsløyve har gått ut, og Surnadal kommun opnar for nye søknader. Les meir om dette i nyheitssaka om leigekøyringsløyve eller sjå informasjon og oversikt over leigekøyrarar. Oversikta blir oppdatert når nye løyve er tildelt.
Ny motorferdsellov
Stortinget vedtok i sommar Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Statsforvaltaren seier at denne lova tidlegast vil tre i kraft sommaren 2027.

