Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag er den stor bakelsdagen

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2019

Matkroken vil markere dagen med å servere nystekte bakels til alle som kjem innom butikken på måndag.  Vi spanderer bakels og kundane kjøper kaffekoppen – det må være ein god deal, seier handelsmann Nordvik til Todalen.no.

Offisielt heiter det den store vaffeldagen, men vi tykkjer det er betre å kalle det for den store bakelsdagen, for det uttrykket brukar vi på dialekt, seier Terje.  Bakelsserveringa startar kl 10.30 og dei held det gåande til kl 17.00.  Og sjølvsagt er alle – både innafor og utafor tunnellen velkomne på «bakelsdagen».

Nystekte bakels er slett ikkje å forakte. Foto frå Internett

 

 

Publisert: 24. mars 2019, 20:01