Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Målprisen 2025 til Eigunn Stav Sætre

Dordi Jorunn Halle Laurdag 14. mars 2026

Nordmøre Mållag arrangerte årsmøte laurdag 14. mars på Surnadalsøra. Her vart Eigunn Stav Sætre tildelt målprisen for 2025.

Grunngjevinga for prisen: «Både gjennom jobb i fylkeskommunen og i Kristiansund kommune har Eigunn vor tru mot den norskopplæringa ho fekk med seg heimefrå. Etter at ho kom inn som direktør i Nordmørsmusea, har ho vore heilt klar på kva målform ho skulle nytte i sitt virke. Det krev både mot og styrke å stå imot i ein bokmålsbastion som museumsverda på Nordmøre tradisjonelt har vore. Vi er både glade og stolte av å ha slike som Eigunn med oss på laget som ein god representant frå kulturlivet på Nordmøre».

todalen.no gratulerer Eigunn med målprisen! Både Svinviks arboret og Surnadal bygdemuseum er er avdelingar i Nordmørsmusea.   

Lysløype på Surnadalsøra

Ei lita historie frå Surnadalsøra i «gamle dagar»: Sigurd Røen frå Rindal vann to gull under VM i 1937. Han tok turen ned til Surnadalsøra for å trene på kveldstid; der var det gatelys og kunne nyttast som lysløype!

Live Havro Bjørnstad er nestleiar i Noregs Mållag. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Helsing frå Noregs Mållag

Live Havro Bjørnstad frå Vossevangen, no busett i Bergen, er nestleiar i Noregs Mållag. Ho helsa til årsmøtet og orienterte om arbeidet i landslaget. Noregs Mållag har no 16 500 medlemmer, høgste medlemstalet på 40 år. Nynorskveka er frå 6. til 12. mai, og Nynorskstafetten 2026 kjem til Nordmøre hausten 2026. Stortinget har auka støtta til Noregs Mållag til 1,4 millionar, og det er forslag til ny § 120b i Grunnlova: «Norsk er det nasjonale språket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Eit anna arbeidsmål er få nynorsk inn i den digitale kvardagen med både læremiddel og hjelpemiddel på nynorsk og god opplæring. Sidemål er viktig, – nynorsk må bli eit levande bruksspråk.

Ingrid Kjønnøy retta stor takk til Olav Bjørn Nilsen som kasserar gjennom fire år. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Styremedlemmer. Fremt: Einar Oterholm og Ingrid Kjønnøy. Attanfor: Eirik Endreson Klinge og Svein Sæter. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Frå årsmeldinga til Nordmøre Mållag:

Nordmøre Mållag har seks lokallag og 300 medlemmer.

Aktiv facebookside og heimeside

Aksjon: Nynorsk i skulen for alle

Fysisk arkiv i kommunehuset på Skei

Haustseminar på Tingvoll Fjordhotell

Årboka: Du mitt Nordmøre – opplag 700

Støtte til lokale kulturtiltak: Svein Sæter «Gullrush», songarstemne i Surnadal, antologi frå Møre og Romsdal forfattarlag, Rolf Hindhammer: Eit musikkliv på Nordvestlandet, Kristen Halle: Surnadal Apotek 100 år, Norsk Barneblad årsabonnement til Bøfjoren og Bæverfjord oppvekstsenter.

Avtroppande politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, fekk heiderspris for god bruk av nynorsk.

Dei nye bussane til FRAM hadde annonsering av stadnamn og rutetider med kunstig bokmålsstemme. Dei tre fylkesmållaga tok tak i dette, og busselskapet vart nøydd til å endre dette.

Styret for 2026:

Leiar Ingrid Kjønnøy, styremedlemmer: Dordi Kjersti Mogstad, Svein Sæter, Marianne Følsvik, Einar Oterholm. Varamedlemmer: Ingunn Karijord, Ragnhild Aspås, Eirik Endreson Klinge.

Skriftstyret for Du mitt Nordmøre: Astrid Sæter, Anne Marit Strøm, Unni Kjelleberg Solli, Norunn Holten.

Hammerstuene serverte kjøle god middag!

Årsmøtedeltakarane. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Først publisert: 14. mars 2026, 23:50 - Sist oppdatert: 15. mars 2026, 00:07