«Make Surnadal Greittj Again» er tittelen på revyen som Svarrabærje Teaterlag har sett opp seinare i haust. Vi treffer Ingrid Ranes og Olav Mogstad, som vil promotere revyen som er sett opp med 3 førestillingar siste veka i oktober.

Ingrid Ranes og Olav Mogstad er glad or at revyarbeidet no er kome i gang, og reknar med ein hektisk innspurt. Foto Jon Olav Ørsal
– Vi har funne mykje inspirasjon allereie i det velkjente slagordet til Trump som er litt fornorska, fortel Olav Mogstad som er øvingsansvarleg i Svarrabærje Teaterlag. Det er mykje som går føre seg rundt omkring i verda, men vi har naturleg nok konsentrert oss mest om det som har skjedd lokalt.
Vi satsar på at det skal være lett å kjenne seg att i det som går føre seg på scena – det skal ikkje være nødvendig å være genetisk surndaling eller å ha budd her i 30 år for å forstå kva som blir sagt frå scena, seier Mogstad
– Han seier vidare at tilhøva i kommunen vil være som ein raud tråd i programmet, for vi har observert kjente problem som vi meiner å ha funne løysingar på. – Ja, både Robek og pengeløysa, legg Ingrid Ranes til. Ho er forresten fersk leiar i Svarrabærje Teaterlag. Vi håpar at Hugo blir nøgd med det.
«Early bird»
Er du kjapp til å kjøpe billett til revyen så er det pengar å spare. Kjøper du og betaler for utgangen av september kostar billetten kr 275. – frå og med 1. oktober vil normalprisen på kr 350 pr billett gjelde. Kjøp billett på nettsida til Surnadal kulturhus.
Som sagt blir det 3 førestillingar – torsdag 29., fredag 30. og laurdag 31. oktober., og billettsalet har alt starta – til no er det selt heile 150 billettar til revyen.
I helga starta øvingane – den første av 4 øvingshelga. Denne gongen er det 17 aktørar på scena, og i år som i fjor er det Camilla Hyttebakk som er instruktør, og Rolf Paulsen er kapellmeister for eige revyband. Ingrid poengterer at det er stor spennvidde i alder i staben – frå 16 år og oppover til over 60 år.
Olav blir alvorleg når han oppfordrar alle til å kome og flire i lag med oss – i den tida vi er inne i er det viktigare enn nokon gong å kome i lag for å flire i lag med anna folk.


