Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale landslagsutøvarar gler seg til YWC på heimebane

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. februar 2026

(Driva.no) Frå torsdag 12. til søndag 15. februar arrangerer Trollheimen Fjellsportklubb Youth World Cup (YWC) i randonee, eller World Cup for ungdom for oss som ikkje er så stødige i engelsk. Sprinten blir arrangert i Surnadal Alpinsenter Sæterlia, medan vertikal og individuell blir arrangert i Strengentraseen. IL Søya er medarrangør laurdag, medan det er Todalen Idrettslag som er medarrangør søndag. 

Lokale landslagsløparar med medaljehåp

Både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som representerer arrangørklubben, Trollheimen Fjellsportklubb, er ein del av og har plass på det norske U20-landslaget i randonee. Dei skal sjølvsagt delta i alle dei tre konkurransane under YWC i Surnadal. Båe har sitt første år i klassen, og konkurrerer dermed mot mange som er eitt år eldre.

Konkuransane tek til med sprint i Surnadal Alpinsenter. Både Aron og Isak har ambisjonar om å kome seg til finalen i sprinten. – Ja, vi her eit klart mål om å nå finalen, seier dei to.

Laurdag blir det konkurrert i vertikal i Strengentraseen med start på Vang. Her handlar det om å kome til toppen så raskt som mogleg. 

Søndag er siste konkurransedag i YWC i Surnadal, og da er det individuell i Strengentraseen, med start og målgang på Vang.  

Aron og Isak gler seg til å konkurrere på heimebane under YWC i Surnadal. Foto: B G Ansnes

Gler seg til å konkurrere på «heimebane»

Da vi trefte dei to karane tysdag føremiddag, var dei saman med to av landslagskollegaane sine, Hampus Mack Tronvoll frå Svorkmo NOI og Iver Holen frå Tromsø Randoneeklubb, i Surnadal Alpinsenter for å trene i sprintløypa.

Det blir nok nokre turar opp og ned for dei fire, både i dag og i morgon, før alvoret tek til, med sprint på torsdag.

Alle fire representerte i helga som var Norge under YWC i Berchtesgaden i Tyskland. Her vart det fleire sterke plasseringar både til Aron og Isak, toppa av Aron si bronsemedalje i sprinten førre torsdag.

Håper på folkefest både i alpinsenteret og i Strengentraseen

Både Aron og Isak håper at folk møter opp og blir med og lagar folkefest under YWC i Surnadal.

– Torsdag kjem 4 – 10. klasse frå Surnadal barne- og ungdomsskule til alpinsenteret for å vere med som heiagjeng, kan Aron fortelje.

– Men vi håper sjølvsagt at fleire tek turen, legg han til.  

– Håper folk også kjem til Vang laurdag og søndag for å heie og lage folkefest, og at folk tek turen oppover langs løypa opp mot Strengen, og ta gjerne med flagg og bjeller, seier Isak.

Vêrmeldingane ser så langt greie ut, med heilt greitt vintervêr utan nedbør, men det er nok lurt å følge med på yr.no eller storm.no, slik at ein kan kle seg etter vêrforholda!

– Vi gler oss og håper at menge kjem og blir med oss og lagar folkefest og god stemning under YWC i Surnadal, avsluttar Aron og Isak.

Meir informasjon om YWC i Surnadal på Trollheimen Fjellsportklubb sine facebooksider

Først publisert: 11. februar 2026, 09:00 - Sist oppdatert: 10. februar 2026, 20:33