Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal minnemarkering av 22. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. juli 2026

Onsdag 22. juli er det 15 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet i Oslo og Utøya. 77 menneske mista livet, og mange fleire vart ramma. Surnadal kommune og kyrkja inviterer difor til lokal minnemarkering i Øye kyrkje frå klokka 13:30.

I samband med 15-årsmarkeringa har Statsforvaltaren over heile landet oppmoda kommunane om å arrangere lokale minnemarkeringar. Surnadal kommune inviterer difor, i samarbeid i samarbeid med kyrkja , til ei opa markering onsdag 22. juli.

Terrorangrepet var eit angrep på demokratiet, ytringsfridomen og dei verdiane samfunnet vårt bygger på. I ei tid med aukande uro i verda er det viktig å minnast det som skjedde – ikkje berre for å heidre dei som mista livet, men også for å stå saman om demokrati, openheit og fellesskap.

Program

Kl. 13.30 – Øye kyrkje opnar

  • Stille kyrkje med rom for ettertanke og refleksjon
  • Anledning til å tenne lys i lysgloben

Kl. 15.00 – Felles minnemarkering

  • Tale ved fungerande ordførar og varaordførar Annett Ranes
  • Musikkinnslag ved Johanne Holten
  • Felles salmesong
  • Høgtlesing ved Lene. Wilhelmsen

Alle er hjarteleg velkomne til å delta!

Publisert: 16. juli 2026, 16:00