Surnadal kommune kjem inn mot påska med litt informasjon om opningstider på kommunehuset og legesenteret, samt informasjon om vakttelefonar. Kommunen minner også om at det er betydeleg snøskredfare i Trollheimen og oppmodar alle som skal til fjells om å følge med på varsom.no før ein legg ut på tur i fjellet.
Opningstidene på kommunehuset og legesenteret:
- Kommunehuset er ope måndag, tysdag og onsdag i påskeveka frå klokka 09:00 – 15:00.
- Surnadal legesenter har ope måndag og tysdag frå klokka 08:00 – 15:30 og onsdag frå klokka 08:00 – 12:00.
Teknisk vakttelefon har døgnvakt (24/7) og kan kontaktast på telefon 416 35 388.
Frå og med tysdag 7. april er det ordinære opningstider som gjeld både på kommunehuset og legesenteret!
Surnadal kommune ønsker alle ei triveleg påske med overkommeleg friluftsliv og kos!

