Måndag starta Ann Iren Dyrli og Gunn Signe Dønnem frå Trollheim Reklame arbeidet med å montere film på vindauga på Hett & Svett. Det har ei stund vore eit ønske om å få skjerma innsynet på Hett & Svett, og å kunne ha moglegheit for å stenge sola ute på solrike dagar. Gardiner har vore vurdert, men valet fall altså på film på vindauga frå Trollheim Reklame.
Arbeidet held fram tysdag, så dei som skal trene på måndag ettermiddag og kveld må vere førebudd på at apparata er litt flytta på og at anna utstyr som blir brukt til arbeidet er lagra i treningslokala.
Det er også akkurat investert i ein ny høgtalar, slik at ein kan spele musikk frå mobilen via høgtalaren. – Så da er det berre å advare nabolaget om at det av og til kan bli høg musikk, advarte driftsleiar for Hett & Svett, Ola Talgø.

Ola Talgø viser fram den nye flyttbare høgtalaren som er kjøpt inn på Hett & Svett. Foto: B G Ansnes
Ola kunne også fortelje at dei no ser på moglegheitene for å skifte ut den eldste tredemølla. – Den fungerer ikkje optimalt, så noko må i alle fall gjerast, sa han.



