Langfredag inviterte skihyttestyret til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. I år var det lite snø i fjellet, men det var så vidt nok nok til å få arrangert «Kjerringdilten» på ski. Langrennsdåra gjekk i år rundt skihytta/Ørsalmyra.
Vêret var bra med sol og nokre plussgrader, så det kom bra med folk opp til skihytta denne langfredagen.
Det var totalt 51 deltakarar på «Kjerringdilten», som er eit skirenn med idealtid. Idealtida i år var sett til 18:30, og Brit Grønmyr bomma på idealtida med 26 sekund og kom med det nærast. Ho vart med det vinnar av årets renn, og fekk dermed eitt napp i vandrepokalen.
På andre plass kom broren Frode Grønmyr, Han bomma på idealtida med 28 sekund, altså to fattige sekund meir enn vinnar Brit.

Det var berre så vidt det var nok snø til å få gjennomført «Kjerringdilten» på ski i år. Foto: Endre Talgø
Resultatlista frå årets «Kjerrningdilt»
- Brit Grønmyr, 18.04
- Frode Grønmyr, 18:58
- Ola Bruset, 19:00
- Ådne Gjeldnes, 17:50
- Marius Eikrem, 17:43
- Marit Sanden Søyset, 17:42
- Siri Skjerve, 17:40
- Marit Haugen, 17:39
- Edvard Elgsæther, 17:29
- Ellen Elgsæther Skogrand, 17:26
God stemning med bakels og graut
Hyttestyret med kjøkkensjef Knut Halset i spissen selde bakels med graut, kaffe, saft og pølser i brød med brød eller lompe. Bakels og graut skaper alltid god stemning og høg trivselfaktor, og langfredag var ikkje noko unntak i så måte!
Fleire bilete frå «Kjerringdilten» ken ein sjå under. Alle foto Terje Nordvik og Sondre Halset:















