I årets julehefte av Vangsgutane er Larris «back in business» med sine fantestreker og mange rare påfunn, og godt er det! Han markerer seg godt under årets happening som er basert på ein tradisjonell fiskekonkurranse i Toåa, som har base på Todalshytta slik som i engelsktida. Larris er som vanleg oppfinnsom og ein stor fantstav – men og litt uvøren og litt uheldig.

Larris er nok både uvøren og uheldig – har har han gått i vatnet. Illustrasjon frå Vangsgutane 2025.
Han lagar mykje styr på Todalshytta, der Lady Humberdinck prøver å halde i trådane og styre tradisjonsrike arrangementet i hamn. Spennande lesing og artig gjensyn der det ser ut til å ende i eit etterlengte bryllup? Nokre av sidene er forresten opptrykk frå Vanggutane sitt hefte som kom ut i 1957, med tekst frå Leif Halse og teikningar frå Jens R. Nilssen. Her er det både badetur og symjestemne, og det skjer mykje rundt Larris og resten av gjengen.


