Randoneelandslaget deltek denne helga i Youth World Cup i Berchtesgaden i Tyskland. Det gjeld dei fire – Mads Gjethammer, Iver Holen, Aron Rodal Haugen pg isak Drøpping – dei to siste frå Trollheimen fjellsportklubb.
Aron, Mads og Isak deltok i torsdag på sprinten, der dei fekk vist at forma er inne. Aron kom heilt til finalen og finn pallplass som tredje beste. Isak kom til semifinalen, og hamna til slutt på ein 11.-plass. Mads feila litt og datt ut i prologen.
Fredag er det fridag, men laurdag er det vertikal som står på programmet og søndag er det individuell.
Youth World Cup i Berchtesgaden er siste rennet før det neste uke blir kamp om pallplassar og medaljer på heimebane i Seterlia og i Strengen-traseen.

