I fjor markerte Kyrkja i Surnadal Samefolkets dag på sjølve dagen den 6. februar med godt oppmøte på Kyrkjelydshuset på Skei.
I år har dei lagt feiringa til gudstenesta i Mo kyrkje, søndag 8. februar klokka 11:00. Leiar av Samisk kirkeråd, May Bente Anita Jønsson, som jobbar og bur på Sunndalsøra, deltek under gudstenesta.
– Jønsson hadde ikkje moglegheit til å delta på sjølve dagen 6. februar, da ho skal delta på Samiske festdagar i Oslo, fortel Pål Arne Winsnes.
– Under gudstenesta vil også tidlegare lærar i nordsamisk område Sverre Hatle vere med, legg han til.
Organist er Bernt Idar Bøe, og Tove Elin Strand vil spele fløyte. I tillegg vil det vere med ei forsongargruppe frå Mo sokn. Gudstenesta vert leia av sokneprest i Surnadal, Pål Arne Winsnes. Alle salmane som skal syngast, står i salmeboka og har både nynorske og sørsamiske tekstar.
Gudstenesta vert overført på Youtubekanalen til Kyrkja i Surnadal og det er lenke til sendinga på Facebooksida til Kyrkja i Surnadal.
Etter gudstenesta blir det ein utvida kyrkjekaffe med mellom anna bakels og graut. Under kyrkjekaffen vil leiar av Samisk kyrkjeråd kome med ei helsing. Sokneprest Winsnes vil halde ei orientering om opphavet for Samefolkets dag, det samiske flagget, og om samisk kyrkjeliv.
Tidlegare lærar i Todalen og Mo, Tor Holten, vil fortelje om salmediktaren og samen Torkjell Jonassen (Rutfjell) som reiste gjennom Surnadal, og om samiske busettingar i Bæverdalen.
Bernt Bø vil under gudstenesta spele på orgel ei salme som Torkjell Jonassen har laga.
Kyrkja i Surnadal håper at mange vil kome til markeringa av Samefolkets dag!


