I haust arrangerte Skulstuå i Todalen kurs i Polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon og 40 nye danseglade polsdansarar frå Kautokeino i nord til Peru i sør fekk lære den vakre dansen! Rune Hanem med fylje kjem igjen frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i polsen, og no utvida med gamaldans attåt.
Rune Hanem fekk sjølv fekk lære dansen av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære mellom anna denne polsen. Han har sama med Silje Otnes har vunne fleire gull under landskappleikar, med polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon!
Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, både for dei med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før. Vi startar alt opp i påska, så velkomne til første svingom i Todalen ungdomshus tysdag 31.mars!
Påmelding:
- Telefon/SMS til 480 00 144
Pris:
- Kroner 50 pr. kveld, Vipps til 590343
Stad:
- Todalen ungdomshus
Tid:
- Tysdag 31. mars klokka 19:00 – 21:00
- Måndag 13. april klokka 19:00 – 21:00
- Tysdag 28. april klokka 19:00 – 21:00
Utstyr:
- Ta med det dansesko eller dans på sokkelestane
Mat:
- Det blir sal av god og heimlaga mat

Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne til dansekurset!

