Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstlotteri 2026

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. april 2026

No er det klart for nytt kunstlotteri melder Todalen sanitetsforening; eit flott bilete av Vebjørn Sand.

TAKK

Leiaren i Todalen Sanitetsforening rettar ein stor takk til alle medlemmer i Sanitetsforeninga og bygdefolk som stilte med bakels og graut, kaker og hjelpte til med servering under opninga av Galleri Sand Nordmøre!

Brørne Vebjørn og Aune Sand er svært takknemlege og har forært Sanitetsforeninga eit bilete som takk for hjelpa!

Dette kunstverket er årets bilete til kunstlotteriet 2026/2027. Trekninga blir årsmøtet i Sanitetsforeninga i 2027.

Loddsalget startar i dag!

Ein kan kjøpe lodd med VIPPS – 101456. Eitt lodd kostar 20 kroner. Merk kjøpet Kunstlotteri. Viss ein kjøper lodd til andre enn seg sjølv, må ein skrive namn på personen som skal ha loddet.

Publisert: 11. april 2026, 09:00