Endeleg fekk Rannveig Eikrem presentert boka ho har skrive om Kristian Halse (1858 – 1939) og arbeidet hans med innsamling og registrering av folketonar på 1900-talet. Han jobba som lærar i Todalen frå 1900 til 1920, og da budde han i Skulstua. Slik var det da naturleg at boka vart presentert i samband med Rannveigs foredrag om Kristian Halse i dag.
Rannveig har tidlegare skrevet sin master om arbeidt som Halse har lagt ned med registrering av folketonar på Nordmøre – han registrerte rundt 240 folketonar i perioden han jobba med dette og som han fekk statsstipen for å gjennomføre, og Halse prega musikklivet på Nordmøre ein lang periode på 1900-talet.
No er altså dette arbeidet kome i bokform, basert på marsteren som Rannveig Eikrem leverte i 2008 – boka skulle koma tidlegare, slik at ho kunne ha premiere under Stangvikfestivalen, men var først levert frå trykkeriet sist måndag. Dermed vart det faktisk premiere for boka i dag. No er altså boka i sal, og samtidig er det viktig at det meste av dei 240 folketonane som Kristian Halse har samla inn er dokumenter i den nye boka til Rannveig.

Etterpå var det både kaffe, kaker og dessertbod som publikum sette stor pris på. Foto Jon Olav Ørsal



