KNT kristiansund og Nordmøre turistforening har ein iherdig dugnadsgjeng – i dag tok dei siste finpussen rundt husa på Todalshytta. Det er rydda vekk kratt og buskas og alle utemøblar er komne under tak, så no kan berre bli vinter og snø, seier Atle Betten som er «bas» for dugnadsgjengen.

Kaffepause for dugnadsgjengen – frå ventre Ola Mulvik, Atle Betten og Inge Skogheim – foto Jon Olav Ørsal
I dag la dei siste hand på ein liten takreparasjon over svalgangen rundt hytta, så no er det tett før vinteren sett inn. Vi fikk faktisk ein prøve på vintervêret i dag, men ei skikkeleg skur med sludd og snø. Etter Yr.no si vêrmelding kunne det bli snø ned 100-300 meter, og det stemmer nok bra.


