Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koseleg solfest på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Måndag 23. mars 2026

Øvre Todalen Vel inviterte søndag til solfest og samling på Tjønnmyran, der det var familieaktivitetar for både store og små, og traktering med solbollar og grilling på bålpanna.

Her var det mykje spennande – åde sandkasse og leikar som kunne brukast. Foto Anita Talgø

Det vart ei triveleg stund, med leikar for borna og sjølvsagt eit skikkeleg kaffelag for å feire at sola er kome att i Brusetmarka.  Det er iallfall viktig at ein har noko å feire, slik at ein kan ha slike uformelle treffpunkt for å auke trivselen.

Nylaga solboller frista både den eine og den andre. Foto Anita Talgø

Først publisert: 23. mars 2026, 06:00 - Sist oppdatert: 22. mars 2026, 18:10