Eit demensvennleg samfunn bidreg til inkludering, likeverd og forståing, og Nasjonalforeningen for folkehelsen har teke sats for at vi skal bli eit meir demensvennleg samfunn. Difor brenn dei for å kome ut med bodskapet og tilbyr kurs gjennom lokale foreiningar over heile landet.
Tidlegare var det tuberkulose som var den store utfordringa for Nasjonalforeninga – no er den kampen vunne, og no er det demens som er sett på dagsorden. Og her er det teke skikkeleg sats lokalt, der Surnadal har landets nest største lokalforeining med 483 medlemar. – Halvparten av kontingenten blir ført attende til lokalforeininga, og det gir stor økonomisk friheit til å drive med kurs og opplæring.

Mary Ann Foldnes Fiske og Solveig Haglund, frå Surnadal demensforening og helselag, ga oss ei innføring i korleis vi skulle få eit meir demensvennleg samfunn. Foto Jon Olav Ørsal
Det var Solveig Haglund og Mary Ann Foldnes Fiske som tysdag kveld vitja Todalen Sanitetsforening med kurset «Eit meir demensvennleg samfunn». Eit knapt trettitals deltakarar var eit lydhøyrt og engasjert publikum. Før var det kanskje litt skambelagt å bli dement, men det har nok endra seg etter kvart som folk har fått forståing for at det er ein sjukdom som etter kvart har vorte ganske vanleg.
Og fleire blir demente – i dag er det over 100 000 som er demente i Noreg, og fleire blir det. Etter kvart som vi blir fleire eldre, så blir det fleire som får ein eller anna demenssjukdom, og fram til 2050 reknar ein med at dette talet er dobla.

Det var eit trettital tilhøyrarar på kurset som vart arrangert i Sanitetshuset i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal
På kurset fekk vil lære kva demens eigentleg er, og kor viktig det er at vi klarar å gje dei som er demenssjuke tryggheit, friheit og verdigheit. Derfor er det viktig at vi har kunnskap om sjukdomen og korleis den verkar på dei som blir ramma. Gjennom kurset får vi lære kva følgjer sjukdomen får og korleis vi gjennom «dugnad» kan få til best muleg resultat som i neste omgang gjer kvardagen så god som muleg.
Kurshaldarane hadde mange gode tips for handtering av demens, både som pårørande og alle oss andre i vår omgang med folk som er ramma av demens. Det er viktig at vi legg til rette for at personar med demens kan fortsette å delta i lokalmiljøet.


