Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konfirmantane skapte høgtid

Konfirmantane skapte høgtid

Bernt Bøe Tysdag 6. november 2012

Helgemesse – også kalla «Allehelgens» – er ein av dei sterke søndagane i kyrkjeåret. Mange stader blir dette dagen for å minnast og for å la lyset skine. Søndag var konfirmantane med og gjorde dagen meiningsfylt for mange. Liturgisk sett er vår helgemesse tilpassa ein lokal påbegynt tradisjon.

«Allehelgensdag» (opprinneleg 1. november) var katolsk festdag for alle dei heilage menn og kvinner som ikkje har sin eig «dag» – slik Olav den Heilage (29. juli), St. Michael (29. september) og andre kjende helgenar har. Dagen vart avskaffa som høgtidsdag i 1770, men er likevel markert i Den norske kyrkja på første søndagen i november.  «Alle sjelers dag» (2. november) vart innført i den katolske kyrkja i 998 som felles messedag for dei døde som ikkje hadde råd til å betale prestens sjelemesse for seg. Da kunne etterlevande be for desse. («På denne dag man bede må for all den synd som utestå.») Dagen har ingen tradisjon i Den norske kyrkja i vår tid.

 Kva ein enn meiner om dette historiske, har Helgemesse både kjenslemessig og liturgisk fått ei djup og rik meining. I mange kyrkjer blir det denne dagen tent lys for dei som har gått bort siste året. Pårørande er gjerne særskilt inviterte til gudstenesta. Samtidig som vemodet og saknet har sin naturlege plass i denne messa, er både lyset og lovsongen med og løftar fram håpet og evighetsperspektivet. Slik var gudstenestene også i Stangvik, Todalen og Åsskard denne Allehegensdagen. Og da tala det særleg sterkt at dei unge konfirmantane i sine kvite kapper var dei som synleggjorde lyset og håpet – både med vakker prosesjon og med ærbødig og andaktsfull lystenning for kvar av dei som har gått bort i desse bygdene siste året.

 Både i Stangvik, Todalen og Åsskard møtte alle konfirmantane fram. Og kvar gjorde sitt til at stunda vart fylt av varme og meining.  Sokneråda, dei to vikarprestane (Vidar Halaas i Stangvik og Todalen, Dag Øivind Østereng i Åsskard) og dei andre tilsette uttrykkjer stor takk for at dei unge på denne måten er så viktig ein ressurs i kvar sine kyrkjelydar.  Dei deltok også i andre tenesteoppgåver – m.a. som klokkeringjarar, kyrkjevertar og som fotografar,  slik illustrasjonane her viser: Mira sørga for fine bilete i Stangvik, og Steinar var Todalens kyrkjefotograf. Og snart er det ny innsats – med lysmesser rundt om!

Publisert: 6. november 2012, 18:53