Kvart år den 2. februar, blir eit murmeldyr henta ut av hiet sitt i ein småby i USA for å spå vêret framover. Det vart det laga klassisk komedie av. Filmen Groundhog day, som blir vist i filmklubben onsdag 4. februar klokka 12:00 gjorde slikt inntrykk at tittelen, «Groundhog Day», no blir brukt i daglegtale for å beskrive noko ein føler ein opplever oppatt og oppatt og oppatt…
Ein usympatisk og uengasjert meteorolog er sendt til småbyen for å lage eit fornøyeleg «Norge Rundt»-aktig innslag til ein nyheitskanal. Og vaknar opp til den same dagen etter kvar natt. Det finn han ut at kan utnyttast til sin fordel – også for å få ho han hadde sett seg ut, sjølv om ho mislikar han.
«Groundhog Day» har fått 8 av 10 moglege poeng på nettstaden imdb.com.
Har ein tenkt å sjå oppatt og oppatt animasjonsfilmen Kjæledyrekspressen og thrilleren The Housemaid på kinoen? Da er det på høg tid å ta turen ut no, for inn til helga kjem det to nye filmar.
«Kraken» er ei stor norsk satsing på «vårt» mytiske sjømonster med same namn. «Kraken» vart først omtalt på 1600-talet som ein slags gedigen blekksprut som kunne dra skip ned i djupet i Norskehavet. I filmen ser det ut til at monsteret har funne vegen inn i Sognefjorden. «Kraken» vart allereie i mai i fjor selt til 38 land, og det altså lenge før den var ferdig. Pål Øie er ein av regissørane og han er rimeleg lokal. Sunnmøringen har fleire «spreke» filmar på CV-en, som Villmark-filmane og Tunnelen.
Animasjonsfilmen «Svampebob – Jakten på Firkant» går også ned i djupet denne gongen. Han vil løyse mysteriet kring spøkelset på piratskuta Den Flygande Hollendar. «Svampebop» er med norsk tale, men filmen har allereie hatt internasjonal premiere: Engelske The Guardian gir 3 av 5 stjerner og skriv at det er ein solid SvampeBob-film. Og at den er betre enn inspirasjonen, «Pirates of the Caribbean»-filmane…
Heile kultur- og kinoprogrammet ser ein på surnadal-kulturhus.no




