Torsdag kom det ein gjeng Ålvundeidingar og Ålvundfjordingar på besøk til Todalen og Gammelfabrikken. Dei kalla seg Diakoniet, og hadde med seg underhaldninga sjølve, nemleg Tora Valset som er barnebarn etter Thora Talgø. Thora Valset (86) er nemleg eitt av tre barnebarn som er att etter Thora Talgø, og i dag var ho med for å fortelje om bestemora som var med på oppbygginga av møbelfabrikken ved fossen, og bygging av kraftverket som faktisk var eit av dei første i Møre og Romsdal.
Det var 18 personar som kom over fjorden og dei fikk orientering om gammelfabrikken og litt om historikken om møbeproduksjonen og om folka som stod bak. Artig å høre når Tora Valset fortalte om bestemora og om minna fra tida med bestemora og liveet i Todalen på den tida. Mellom anna hadde ho funne ut at ei gren av Talgøfamilien stammar frå Rosendal. Elles hadde ho god oversikt over slekta i Kristiansun, der Mæhlefamilien hadde tilhald. Thore gjekk i snekkarlære i Kristiansund og da han og Thora vart eit par, så dro dei til Todalen for å etablere seg der og for å nytte kraftproduksjonen i Storfossen i møbelfabrikken.
Thora vart enke alt i 1913, da Thore døde av lungebetennelse etter arbeid med isen i kraftverket – den gongen fantes det ikkje pennisilin. Thora som satt att med 4 gutongar i alderen 8 – 12 år bretta opp ermane og tok over fabrikkdrifta der det var 10-15 tilsette og full drift. Dermed vart ho ei av dei aller første industrikvinnene. Sjølv om det var smalhans innimellom så fikk ho det til å gå rundt og sa alltid at det var om å gjera å talla høgt og gå fort for å få det til. I denne perioden var ho også med og stifta Todalen sanitetsforening, og vart den første leiaren der – ho hadde omsorg for tilsette og for bygdefolket.

Gunnar Nordvik fortalte om Trollheimsutstillinga og arbeidet med å restaurere og montere den i lokala til Gammelfabrikken. Her staår «Tingvollulven» i glasbur. Foto Jon Olav Ørsal
Etterpå var dei innom Todalshytta for ein matbit, og vidare stod besøk i Todalen kyrkje på programmet før dei tok ferja tilbake over Todalsfjorden.





