I dag var dugnadsgjengen til KNT på Todalshytta for å førebu ein ny sommarsengong i uteområdet. Det er heilt utruleg kva ein samkøyrt gjent på 10 personar får til å utrette i løpet av ein arbeidsdag. Her var det full innsats på mange frontar og både hytta og utområdet rundt hytta fikk ein «facelift» i løpet av dagen.

Førebur neste vinter med kapp og klyv – Ola Mulvik, Jan Myklebust og Atle Betten i aksjon. Foto Jon Olav Ørsal
Alle sammen gjorde det dei var best til, så her gjekk arbeidet unna på løpande band. Her gneldra det i motorsag og her vart rododendronhagan rydda opp og fylt på med flis, samtidig som det vart skifta tak på deler av svalgangen – og sjølvsagt var det nokre som tenkte på neste vinter og som dreiv med kapping og klyving av ved.

Pussa opp Rododendronhagan og fylte på med flis for å halde ugraset unna. Inga Brøske og Berit Caspersen . foto Jon Olav Ørsal
Inge Skogheim som har vore tilsyn på Todalshytta sia 1991 og fram til han pensjonerte seg frå den jobben for eit par år sia – han drei vi dag og reparerte takrenna som hadde fått seg ein trøkk. Atle Betten var leiar av dugnadsgruppa og sørga for at alle hadde fått tildelt arbeidsoppgåver – det er kanskje den viktigaste jobben i samband med dugnaden.

Inge Skogheim er veteran i KNT – tilsyn på Todalshytta frå 1991 og mesta til no. I dag vart det reparasjon av takrenner som stod på agendaen. Foto Jon Olav Ørsal
Betjeninga på Todalshytta sørga for traktering og trakterte gryterett til heile gjengen rund langbordet i spisesalen – elles var det mesta som ein sommardag, slik at alle pausar og 10-kaffen vart servert utandørs – ein perfekt dag for dugnadsgjengen som fikk utretta utruleg mykje i løpet av dagen dei hadde til disposisjon.
Fleire bilder frå dugnaden på Todalshytta – alle foto Jon Olav Ørsal

