Kløverturjentene avslutta vårsesongen 2026 med tur til Svinvika og kaffelag i arboretkaffeen.
Kløverturen i Todalen sanitetsforening har fått økonomisk støtte frå Sanitetskvinnene sentralt til trivselstiltak. Køvertur er ein av basisaktivitetane i NKS.
Kløverturen vart flytta frå måndag til onsdag slik at det kunne bli kaffelag i Svinviks arboret. Der fekk turgåarane servert nydeleg eplekake med krem og god kaffe. Retteleg triveleg stund rundt kaffebordet.
Etterpå vart det ein rusletur i Svinvika.

Rundt bordet: Arndis, Marit, Helen, Helga, Liv Jorunn, Dordi Jorunn, Ester Karin, Kari, Jorunn Gislaug. Foto: Museumsgartnar Patrick Nilsen.
Måndag 15. juni gjekk turen frå Fossheim opp Gammelfalla til Tjønnmyrane. Fint ver, og det gjer godt med motbakketrening!
Statistikken for våren 2026 viser at det er utført 100 turar fordelt 14 på turdagar og 15 unike deltakarar. Dei fleste turdagane har det vore godt og lagleg ver.
No er det kløverturpause fram til midten av august.
Fleire bilete frå turdagane:





