Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i september

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. september 2026

Det har vore ein våt og litt sur start på hausten, og det er vått og sleipt i terrenget. Men siste måndagen i september kom med sol og litt varme.

Pause ved Sjøheim. Frå venstre: Dordi, Arndis, Jorunn, Ester Karin og Helen. Foto: Einy Rendal.

Måndag 14. september var det kløvertur frå Todalsøra og utover Ansnesvegen, ei fin turrute. Både måndag 21. og 28. september vart det tur i Toåa tursti. Toåa tursti er eit kjekt alternativ når grasgrodde stiar med røter er sleipe og ekle.

Og så er det berre å ønske og håpe på fint turver utover hausten.

Ein våt og grå dag. Frå venstre: Liv Jorunn, Solveig, Kari, Arndis, Jorunn og Britt. Foto: Marit Sanden Søyset.

Framfor gapahuken i Båthølen. Frå venstre: Jorunn, Marit, Arndis, Kari og Helga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 28. september 2026, 20:51