Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. mars 2026

Så langt i mars stemmer ordtaket «Godt folk har godt ver!», sanitetsforeninga har hatt to kløverturar i finver.

Andre mars var det tur etter allmannvegen frå Matkroken til Heggeskaret. Det er ikkje ideelt med asfaltturar, men betre enn blankis i tursti og skogsvegar. Turen vart avslutta med langt og triveleg kaffelag i Kaffekroken.

Turfølget på Heggeskaret på grensa mellom Hala og Husby. Foto: Marit Sanden Søyset.

Niande mars vart det utflukt til Haltbakkan – ein kjøle fin tur etter isfri veg. Godt å kome ned til fjorden og kjenne litt eim av vår. Det vart lang kaffepause ved rasteplassen, men plutseleg dukka det opp ei lang rekkje med damer som kom i fint driv ned lia. Dei kom frå «Søyaland» og hadde starta frå Søyset. Triveleg treff!

Eit stort turfølge frå Søyaland dukka opp!  Foto: Marit Sanden Søyset.

Pause ved Haltbakkhavet. Rundt bordet: Dordi Jorunn, Dordi, Arndis, Helen, Jorunn, Kari. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ytre Sulå speglar seg i fjorden. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag om ei veke er det ny tur – da er plana tur i Kvennsetlia.

Publisert: 9. mars 2026, 19:39