Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar i juni

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. juni 2026

Juni starta med godt og lagleg turver. Første juni var det kløvertur til Nauståfossen og måndagen etter, 8. juni, vart det tur i Toåa tursti.

Måndag første juni starta turfølget frå Plassen ved hyttefeltet på Kårvatn og gjekk etter vegen tur/retur Nauståfossen. Fint ver og matpause på hyttetrammen til Sagstuå.

Ved Nauståfossen, eit ynda fotomotiv. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ved inngangen til hyttefeltet. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 8. juni vart det tur i Toåa tursti. Turfølget gjekk først innom gapahuken i Gunnøya, vidare innover til Båthølen og langs elvebreidda opp til allmannvegen. Etter turen vart det kaffepause i Kaffekroken.

I Gunnøya. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Urskog i Toåa tursti. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ved gapahuken i Båthølen. Turfølget: Arndis, Helen, Kari, Jorunn, Solveig, Jorunn, Marit, Helga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ny kløvertur måndag 15. juni.

Publisert: 8. juni 2026, 19:06