Siste dagen i august arrangerte Sanitetsforeninga kløvertur til Tjønnmyrane.
Denne dagen vart det to turruter; ein gjeng starta frå Gammelfabrikken og den andre tok ein rundtur i lysløypa. Triveleg kaffepause for alle ved gapahuken.

Kløvertur i litt grått ver. Frå høgre: Maria, Dordi Jorunn, Liv Jorunn, Arndis, Jorunn, Helga og Britt. Foto: Marit Sanden Søyset.
Tysdag 1. september var det medlemsmøte i Sanitetsforeninga.
Det vart orientert om installering av elbil-ladar; det vil bli ein stor kostnad.
Planer framover: laurdag 5. september kjem sanitetsforeningane frå Smøla og Veiholmen på besøk. Dei er interesserte i sjå leiligheitene i Sanitetshuset og utveksle erfaringar når det gjeld lagsarbeid. Sjølvsagt vil dei få servert bakels og graut. Etterrpå skal dei på ein rundtur i bygda.

Vertinner på medlemsmøtet: Synnøve Hole Talgø og Arndis Søyset. Retteleg god servering. Foto: Dordi Jorunn Halle.
I oktober blir det basar. Elles blir det strikkekaffe, møte om demensvennleg samfunn, kurs i brannvern, lunsj for bygdefolket og jubileumsfeiring.



