Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. april 2026

Første måndagen etter påske gjekk kløverturen frå Fossheim til Tjønnmyrane.

Turruta var opp Gammelfalla og deretter utover til bordet ytst på Tjønnmyrå med utsikt utover bygda. Her vart det ein god kaffepause. Returen gjekk austover til gapahuken, der det vart ny pause med triveleg prat før turen gjekk ned til Dalavegen.

Pause ytst ute på Tjønnmyrå. Foto: Åshild Halle.

Samling ved gapahuken. Frå venstre: Dordi, Åshild, Arndis, Helen, Karen Johanne, Dordi Jorunn, Helga. Foto: Marit Sanden Søyset.

Sola skein, men kald vind frå aust.

Ny tur måndag 20. april.

Fleire bilete:

På heimtur. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Rundt bordet: Helga, Arndis, Helen, Åshild, Dordi og Dordi Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 14. april 2026, 10:53