Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. september 2026

Første måndagen i september gjekk kløverturen frå Sjøledet og til vegens ende ute i Haltbakkan.

Dette er ei fin og triveleg turrute. Her kjem ein ned til Todalsfjorden med utsikt i alle retningar, og turfølget møtte ikkje ein einaste bil på vandringa.

Turen starta ved Sjøledet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Veret var over all forventning; opphaldsver og gløtt av sol. Eit gammalt ordtak seier at «godt folk har godt ver», og akkurat i dag vart det slik. Rett etter heimkomst høljeregna det!

Fin dag ved Todalsfjorden. Turfølget: Maria, Arndis, Helen, Liv Jorunn, Britt, Marit, Ester Karin, Jorunn, Jorunn og Solveig. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Turregistrering ved Mellom-Haltbakkan. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 7. september 2026, 20:09