Første måndagen i oktober gjekk kløverturen i Elvepromenaden langs Surna. Riktig fin tursti og reint så idyllisk langs elva.
Yr lova både vind og regn, og det plaskregna og bles på bilturen inn til Skei. Men veret stilna, det vart godt turver, og regnklede og sydvestar vart etter kvart overflødige.
Turen vart avslutta med lunsj på Cafe Somti i Fiskebygget. Der var det dekt fint langbord, og Bente Krangnes ønskte velkomen og orienterte om menyen: «Quiche» – pai med rømme, bacon, broccoli og ferskost. Det var kjempegodt! Og rømmen og osten var frå Todalen Meieri. Ein kommentar var: «Dette er den beste paien eg nokon gong har ete!»
Etterpå vart det kaffe med gode kaker.
Her passar det godt med uttrykket: «Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!»
Kløvertur er ein av basisaktivitetane til Sanitetskvinnene, og kløverturen i Todalen har fått midlar frå NKS til kløverturen, 5000 kroner for 2026, og ein del av denne summen vart nytta i dag.






